søndag 13. desember 2009

Tankar om stort og smått

I går var det akkurat èn mnd sidan sist eg oppdaterte, så da tenkte eg at det var på tide. I løpet av dette halvåret på Bildøy har eg lært/fått bekrefta mykje om meg sjølv, til dømes det faktum at eg er særs lite kreativ. Eg gjer ALDRI kreative ting, og eigentleg vil eg betrakte det å ha ein blogg som kreativt, men eg skriv på min eigen kjedelige måte, så da går det vel bra.

I dag er det søndag, og Lucia-dag. Dagen starta med frukost 9:30, der vi fekk sjå våre flotte stipendiatar gå i Lucia-tog rundt frukost-bordet, og så fekk vi lussekattar. Etter frukosten gjekk eg og la meg, og sto opp igjen 13:45, sidan middagen startar kl. 14. Eg er framleis trøytt.

I går var Ane, Ellinor og eg i byen! Vi begynte med å gå på Fretex, der eg på ein måte fann meg ein julefest-kjole. Då eg kom heim fatta eg ikkje kva eg hadde tenkt med, kjolen var ikkje "meg" i heile tatt! Men heldigvis har eg ein tunika eg kan bruke. F*ck materialismen og alt det fører med seg! Det er forresten enda ein ting eg har funne ut om meg sjølv dette halvåret; at eg er veldig lite fan av materialismen. Eg ser ikkje poenget med å kjøpe masse stuff ein ikkje treng, for ein blir søren ikkje noko meir lykkelig av det. Derfor har eg kun kjøpt èi julegave i år, og det er til broren min. Eg unngår også å kjøpe ting viss ikkje eg absolutt treng det osb. Eg trur dette er grunnen til at Gud sendte meg til Bildøy, for å lære meg sjølv og Gud betre å kjenne. Og eg kjenner at eg virkelig er på god vei til å nå det målet. Eg har aldri vore så nær Gud før, eg treng han kvar einaste dag for å komme meg igjennom dagen. "Uten deg er jeg uten håp, men med deg har eg alt", ein utruleg fin sang vi song på Salem i går.
Okei, no kom eg ut av det eg skulle seie om gårsdagen. Vi var på Fretex ja, så gjekk vi på Egon, der eg var for første gong i mitt liv. Eg erfarte to ting: Det er svindyrt der, og maten er veldig god. Det er første gong i mitt liv eg verkeleg har slite med å ete opp maten min. Etter Egon gjekk vi på julekonsert i Betlehem, der eg sovna 3-4 gongar. Ikkje at konserten var dårleg, eg trur eg berre var veldig trøytt. Eg hadde berre sove 5,5 time natta før, det hadde kanskje noko med det å gjere. Så gjekk vi på Salem, der eg traff Ole Petter, Martha Berit og to damer eg har vokse opp saman med på bedehuset heime. Det var ein veldig trivelig opplevelse! Alt i alt hadde eg ein flott dag i går, saman med gode vener. Eg takkar Gud kvar dag for alt det gode han har gitt meg, og det er ikkje småting!

No er det snart jul...Som eg ikkje likar så godt. Men, kanskje blir dette ei fin julefeiring? Det vil tida vise. Vi på Bildøy har ferie i tre veker, så det blir nok av tid til å treffe venner og henge med familien.

No skal eg inn til hovedbygget for å henge med Ane, så då må eg nesten avslutte.
Eg håper alle får ein velsigna Lucia-dag!

torsdag 12. november 2009

DOH

Fredag 30. oktober reiste nesten heile Bildøy til Israel. Der opplevde vi masse forskjellig, no way om e gidd å begynne å fortelle:P Anyways, vi kom heim 10. november, og e he aldri søtte så stor pris på norsk mat, reine do, det å kunne ta vatn rett fra springen, ikkje måtte høre på en guide heile dagen osv. Oss hadde fri onsdagen etter vi kom heim, og e må sei at det va ganske deilig å gjer ingenting heile dagen.

No he oss GT, og e slit fortsatt med å konsentrere me. Facebook og msn blir hyppig brukt dessverre. E sku virkelig ønske e klarte å følge med, men e får det berre ikkje til. Heldigvis e det berre 1,5 dag igjen til helg, der det ikkje skal skje noke som helst. Einaste planane e he, e å fare på Salem på laurdagskvelden. Ellers får e vel berre....slappe av, som vanlig?

Tja, ka anna kan e fortelle om? E kan jo fortelle om bakerste rad: e, Maria og Ane, med kvar sin pc. Chill! Ka e skulle gjort på Bildøy uten Maria, Ane og Cecilie veit e ikkje.

Shalom!

søndag 25. oktober 2009

Langhelg på Bildøy

Dei andre linjene på Bildøy e i Oslo, Karmøy og London, mens disippel måtte vergjen på skulen. Så vi he ei veldig chill langhelg på gang. Lørdagen brukte e på å gå me en lang tur, og så for e og Karl Johan (en i klassa mi) til Salem på kvelden. Det va kos! E traff Sigrid Karine, Martha Berit og Maria, og fekk ver med Maria en liten tur heim til ho, sia ho bor tett ved sida av Salem. Leiligheta som ho delte med tre andre va skikkelig koselig! Alltid gull å ver på møte, då får en virkelig åndelig påfyll!

I dag tok e buss inn til Bergen ganske tidlig (i alle fall tidlig til å ver en søndag), og der hang e me Anne i tre tima. Vi fekk gått oss en tur, og prata masse, og det va gull! Anne e so kul. Etter ho for heim på bussen, stakk e på kino. Der såg e "Engelen", som Margareth Olin he regissert. Den anbefale e ALLE å sjå! Den forandra synet mitt på rusmisbrukera, og e kjente virkelig kor godt det e å vite at uansett kor mykje crap som skjer i livet mitt, so he e Gud! Og når enden er Gud, er allting godt...! E skulle egentlig på en gospelkonsert etter kinoen, men den filmen satt me heilt ut, så alt e klarte å tenke på va å komme me heim og berre sitte å tenke.

No sitt e i peisestua mens alle andre et kvelds. Film & TV kjem heim om en god time, og det gleda e me veldig til!! Blir godt å sjå dei igjen...

Imorga he e ingen plana, kjem vel til å gå me en tur, og så håpe e folk e gira på å finne på noke. No sitt e berre å venta på at Cecilie skal komme tilbake til skulen, ho e sta å besøke søstra si no. E savna ho! E klarakje tanken på å ver vekke fra ho i to veke då oss skal til Israel.. *grøss*

Apropos Israel ja, vi reise om fem daga! Heilt VILT! Det hekje gått opp for me enda, men det gjer det vel kanskje når e skal begynne å pakke. Det blir en god følelse å pakke badekle og shorts ja.

Neis, ka anna skal e sei? Kjem ikkje på noke meir. Eller jo, e he tenkt litt på kor dårlig e e på å skrive på en spennande måte, men veit du ka? CARE. E klarakje å skrive på en fancy måte, men e trives med det, så da får det gå.

Blessings!

søndag 18. oktober 2009

Oslo!

Du las rett! Eg har vore i Oslo i helga, og besøkt først og fremst Ingerid, Lina og Alinde. Men eg traff mykje kjentfolk, og det var herleg å treffe folk igjen! Eg tok tog både dit og tilbake, og det funkar jo det.

Då eg kom fram til Oslo på fredag (med tog), og gjekk opp på jernbanetorget, vart eg omtrent overfalt av Ingerid, Lina og Alinde, som var like glad for å sjå meg, som eg var for å sjå dei.

Kva gjorde vi i helga? Jo, vi kosa oss! Vi var på Misjonssalen, ute og åt, gammelbingo på Fjellhaug og så åt vi godteri. Eg fekk også helst på nokre nye folk.

Eg kom fram til Bergen i kveld 22:35, og då eg gjekk av toget og ut, så var der heile TI politibilar og mange politi-folk! Spanande, det var sikkert nokon på toget mitt som hadde drete på leggen. Eg håper eg får vite kvifor dei var der, kanskje på bt.no imorgon...?

Anyways, det var godt å kome tilbake til Bildøy! No har eg reist dei siste fire helgene, så neste helg skal eg SO berre slappe av!! :D

tirsdag 29. september 2009

Eg vart plutselig litt feminin!




Eg var som sagt på besøk med Vagee og Ragnhild i helga, og etter mykje vennleg masing fekk Vagee gå laus på meg med krølltang og mascara. Kva syns du om resultatet?? Som Ragnhild sa: "Vagee, at du får bruke mascara på Elise viser virkelig hvor glad hun er i deg!" AMEN, seier eg berre! :)
Det var veldig rart å føle seg feminin :P

mandag 28. september 2009

Eg har (nesten) hatt ein veldig fin dag i dag!

Meg og Maria med kvar sin pc, Run this town av Rihanna strømmer ut av høgtalerane, Maria ser på bryllupsbilder (nokre meir tvilsomme enn andre) og klokka er kanskje litt for mykje.

Kvifor ser Maria på bryllupsbilder? Jo, fordi HO HAR FORLOVA SEG!! Mi kjære, kjære Maria skal gifte seg, og eg skal vere forlover! Då må eg skrive ein fordømrande bra tale. 25. september 2009 vart forlovelsesdatoen, men kva som blir bryllausdatoen får vi berre vente å sjå.

Og ja, eg har nesten hatt ein veldig fin dag i dag!
-Eg holdt ut nesten heile skuledagen!
-God middag: Sei cordon blue. Mmm, delicious!
-Eg, Maria og delvis Linn var på Sartor ganske lenge (ganske lenge for meg hvertfall, var vel snakk om tre timar).
-Eg hadde mange hyggelige småsamtalar med butikkansatte på Sartor.
-Eg klipte meg, og hadde TIDENES artigaste og hyggeligaste frisør. Vi fekk ein veldig god samtale, og det viste seg at vi hadde MYKJE til felles. Rå dame. Eg var innom tre forskjellige frisørsalongar, men jammen sendte Gud meg til den rette. Uten å vite det gav ho meg grunn til å smile!
-Vi oppdaga ein ny is i ein isbar: oreodream-is! NAM, det var ein suksess som skal gjentakast!
-Vi jentene har sett film; "Han er faktisk ikke interessert". Som eg sa på slutten av filmen; eg har ikkje godt av slike filmar!
-Eg kjøpte meg to bøker som eg lenge har hatt lyst til å kjøpe.
-Eg fekk handla meg kiwi, eple og gulrot, det er eit must.
...og no høyrer vi på Leve evig, ein nydelig sang som gir oss håp om framtida..

OG: Vi skal i fengsel imorgon! Gledar meg kjempemykje. Onsdag skal vi på Hillsong-konsert, og på fredag reiser eg!

Til slutt: Gratulerer så masse med 30-års-dagen mamma og pappa!
-Vi var på BigBite; elsk.

søndag 27. september 2009

Helg (eg veit eg må skjerpe meg på overskrifter).

Det er søndag, klokka er 14:08, og eg er i Laksevåg på besøk med Ragnhild og Vagee. Eg har vore her sidan fredag, og har verkeleg kost meg saman med dei. Vi har igrunn ikkje gjort så mykje, men har fått mange og lange gode samtalar. Einaste eg kan nemne som vi fysisk har gjort, er at vi var i byen i mange timar i går, der Vagee bl.a fekk klipt seg på ei billig-sjappe, der dei tek 200,- for ein dameklipp og 150,- for menn. Vagee smakte kebab for første gang, som ho kjøpte på Dalia (som ifølge ryktene har den beste kebaben i byen). Eg hadde også lyst på kebab, men eg hadde vore på Deli og kjøpt panini, så da var eg ikkje særleg sulten. Då vi kom tilbake frå byen, var vi på Prix og handla, og der oppdaga vi en ny is, Dream is med brownies! Den var fantastisk god.

Om 45 min skal eg lage middag, Indisk tandoori med fullkornsris og naan-brød. Mmm, eg gledar meg! Indisk mat er så utruleg godt.

Cecilie ringte meg ista, og då kjente eg at eg saknar ho veldig. Det er berre to dagar sidan eg såg ho sist, men det føles ut som ei lita evigheit. Gledar meg til å treffe igjen ho og Maria i kveld!

Tja, elles har eg ikkje så mykje å oppdatere om. Eg bloggar eigentleg berre for å få tida til å gå fram til middag.